Skitur i Hjartdal 28.02.16

Utsikt frå Flottin mot Lekkjenuten.
Utsikt frå Flottin mot Lekkjenuten. Foto: Roar Kråkenes

Vi var seks staute mannfolk som stilte ved turlagets kontor søndag morgen.

Været var perfekt og vi kjørte i 2 biler mot Hjartdal. Ved Gvammen tok vi av - og så bar det bratt opp lia på ein godt strødd grusvei mot Oppsal og på bomvei videre innover til Breivatn.

Dette er eit fantastisk flott skiområde – kanskje det finaste i vårt nærområde – og atkomsten er lettere da veiene gruses bedre enn andre stader eg har kjørt til fjells.

Skituren starta innafor Sterk på austsida av Breivatn og i flotte oppkjørte spor bar det nordvestover forbi Lauvhaug og innover Sørensrodalen. Etter hvert kom vi gjennom skogen og opp i eit vidstrakt område, Flottin,  med utsikt tilbake mot Mælefjell i søraust og mot vest og nordvest praktfulle fjell som Brattefjell, Robekk og Vindeggen og til slutt Gaustamassivet mot nord.

Nærmere oss hadde vi Lekkjenuten som vart høgre og meir dominerande ettersom vi nærma oss selet og trimkassa ved Nord-Lekkjenuten.

Her tok vi matpausa, og registrerte at dette er eit samlingspunkt i skisesongen for hjartdølane. Turleiar Helge fekk etterkvart så mange kjentfolk å prate med at vi måtte nesten overtale han til å fortsette turen, som fortsette nedom Drambekk og Lauvhaug på Hundemyrsida.

Utsikt mot Gaustatoppen.
Utsikt mot Gaustatoppen. Foto: Roar Kråkenes
Ved selet ved Nord-Lekkjenuten – mange folk samla i det flotte veret.
Ved selet ved Nord-Lekkjenuten – mange folk samla i det flotte veret. Foto: Roar Kråkenes

Returen gikk relativt lett med lange strekk nedover og nokre små kneiker oppover, og til slutt litt brattere gjennom skogen tilbake til bilane ved Breivatn. Total distanse om lag 23-24 km – men ikkje noko å kvi seg for når føret er perfekt og terrenget er relativt flatt til småkupert.

Ikkje veit eg kvifor så få valde å bli med denne gongen, men eg nøler ikkje med å utrope dette området til det flottaste i vårt nærområde - kanskje i heile Telemark?  Ein alternativ start er litt lenger vest på bomvei til Hundemyr. Derifrå er det litt kortare om ein ønsker å gå ein lengre skitur til Kjerringnuten eller Vindeggen.

Tekst: Roar Kråkenes