Tur til Bryggefjell i Bø 08.05.16

Foto: Roar Kråkenes

Strålende vær møtte oss når vi starta fra Inleggen oppunder Lifjell

Turledere var Arne Bakka og Nina Sleperud. Heile 28 deltakere hvorav 2 jenter på 9 år traska ivei på ein svært god sti som i starten gikk relativt flatt til småkupert delvis på flotte svaberg vestover mot Bryggefjell. På veien passerte vi den flotte fjellgarden Sletteli. I det flotte vårlandskapet med blomstrande hvirveis var dette som tatt utav norsk nasjonalromantikk på sitt beste.

Videre vestover passerte vi eit flott utsynsberg- Sletteberg - med flott sikt nedover mot Bø og søraust og sørvestover. Videre tok stien av litt mot nordvest, gikk eit stykke på ein grusvei, og deretter steig det brattare fortsatt mot nordvest. Her var det to stier vi kunne følge –en meir direkte, og ein nymerkt meir i slynger oppover. Vi valde å ta den som gikk i slynger og etter ein times gange var vi oppe på snaufjellet og fortsatte på berg bortover mot toppen. I alt tok det oss ein og ein halv time å nå toppen. Mange spente venta på at klippetanga vart hengt på plass på trigpunktet av Arne.

Utsikten frå Bryggefjell mot sør, søraust og sørvest er einestående – toppen er bare 778 moh, men herifrå kan du sjå mot Nordjø og Nare i søraust – nedover mot Bø og skiensfjella i sør og mot Øvrebø og Seljord mot sørvest og vest. FBryggefjell er lavare og ligg sør for dei høgste fjella i Lifjell så mot nordvest, nord og nordaust ligg resten av lifjelltoppane.

Så var det lunsj og fotografering ved toppen. Returen gikk delvis same veien – men eg og fem studentar frå høgskulen – tre franske – to gutar og ei jente, ei tjekkisk jente og ein kar frå baskerland valde å følge skiltet som viste jettegryter. Desse fann vi ikkje men ved hjelp av litt klatring og gange i stilaus skog møtte vi snart igjen resten av gruppa som hadde valt den brattaste stien ned på returen.

Sidan tre av deltakerane ikkje vart med på bildet på toppen var det ny fotografering på det flotte utsiktsberget, og så var det rask retur til bilane ved Inleggen. Vi hadde brukt vel tre timar på turen som vart målt til knappe 8 km i alt og vel 400 meter stigning. Turen er godt overkommelig også som familietur med barn i skulealder, men det er ein fordel at det er tørt og varmt sidan ei del av stien går på flotte skrånende svaberg.

Tekst: Roar Kråkenes